onsdag, oktober 14, 2009 @ 20:28
Trening i snų!
I helga har vi trent i snø og kulde. Ein liten forsmak på vintertrening.
Vi har hatt treningssamling i Hemsedal og der var det 30 cm nysnø!!!!!
Lørdag var det minus 11 grader om morgonen, men det var sol så det vart fint utover dagen.
Gjekk patruljegang første økta, men det var lite vind så det var ikkje så lett. Såg at ho slo på sporet før ho fann figuranten. Det var greit for det var berre 10 meter fra figuranten. Vart litt meir fart når vi skulle leite videre til neste figurant. Trur ikkje ho skjønte kva vi dreiv med før ho hadde funnet den første figuranten.
Neste økta runderte vi i oppoverbakke inne i skogen. Tok det der for der var det mindre snø. Hadde figurante i tre og den tok ho lett. Men det var litt vanskelig å styre henne når det var tråkka opp spor i snøen. Vart litt for mykje sporing. Kanskje ikkje så rart heller for det var lettere å springe der som det var tråkka spor.
Men alt i alt så gjorde ho jobben sin og fann figurantene.
Søndag snødde det og vi hadde funnet ei anna løype som var mykje bedre. Her var det veldig åpent i begynnelsen og vi kunne sette figurantene ut i skogkanten uten at det vart spor ut dit. Det var greit å få testa dem på å gå ut i åpent terreng uten spor.
Kjørte veldig seift på søndag med mange figuranter. Ho leita veldig bra. Vart nokon tomslag også. Ho gjekk veldg langt ut og ga seg ikkje når ho hadde noko i nasen. Det var veldig vindstille så det var ikkje lett å få ferten av figurantene. Ho jobba veldg bra så det er eg fornøgd med.
Ga oss tidlig denne dagen. Snøen gjekk over til regn og det var ufyselg vær. Pelle og Sonja hadde lang kjøring heim så dei syntes nok det var greit.
Mandag møtte eg Gunn Eva og Tine for lydighetstrening igjen. Det blir nok litt tyngre no framover som det er kaldt. Syns alikevel det var moro og vi fekk da til litt. Har begynt å trene inn "gå bud" på nytt. Ho tjvstarta hos hjelper så no får ho ikkje gå tilbake til meg. Må sitte oss hjelper (som var Tine) veldig lenge. Satt veldig bra og rolig så dette skal vi nok få til. Trur eg må kjøre det slik nokon ganger til så eg er heilt sikker på at ho sitter til ho får komandoen.
I går trente vi litt apportering av kanin. Kristoffer hadde dratt ut eit slepespor 200 - 300 meter i skogen med kaninen i enden. Han la seg litt lenger framme for å sjå kva ho gjorde. Ho fulgte sporet til kaninen og fortsatte videre fram til han. Når ho ikkje fekk noko respons av han gjekk ho tilbake og apporterte kaninen tilbake til meg. Vart veldig glad da for det hadde eg ikkje venta. No kan vi reise til Sverige på jaktprøve. Det er dette som er det verste. Ja vi reiser til Sverige for å gå opp til jaktprøve uten å jakte med hunden
. Det kan nok ikkje bli noko bra jaktprøve, men det er moro å sjå kva det går ut på. Ho har da tross alt 11 valper som skal opp til jaktprøve så litt må vi da bidra med.
I dag har eg vert på bowling med nokon fra jobben. Må vere litt sosial med andre også iblandt. Blir ikkje mykje tid til det